VM-forberedelsar i Levanger

Sist helg 11 haldenløparar, coachen og nokre finske tilleggsløparar på samling på Skallstuggu i Levanger. Utrulig nok blei nokre overraska over at vi fekk snø, da har dei tydligvis ikkje vore på nok samlingar i år. Statistikken for å år seier vel omtrent 80% sjanse for snø, så det burde sette sitt preg på kva som blir stappa i bagen. Leigebilselskapet såg ikkje heilt behovet for vinterdekk, men vi fekk tilslutt, og det var nok bra. Samlinga inneholdt totalt 10 økter, deriblandt O-biathlon og 1-mannsstafett.

Samlinga starta med ein del lange rolige økter, TTT-cola til smyger’n og dataparty på kveldane. Laurdag var ein stor dag, med høgdepunkt som O-biathlon, bowling og Live-tracking frå finnsk Natt-SM. Utan forhåndsfavouritten Jon Pedersen stilte Halden skytterklubb, med mange usikker kort på startstreken. Vi fekk til slutt innsjå at heimefavoritten Ulf Forseth Ingaard stakk av med seieren, etter at Mats Haldin (ufortjent) og Andreas Johansson (veldig fortjent) fekk tileggstid på grunn av for få sprunge strafferundar. Marius Bjugan (0) og Olav Lundanes (0) delte 2.plassen i denne tydligvis marginale idretten. Vi fekk vel omtrent eit fullt hus tilsaman om vi teller alle treff, og oppslag i lokalavisa, som: ”Bak standplass var den einaste sikre plassen å oppholde seg”, forteller vel at det her er eit stort forbedringspotensial. Bowlingen samme kveld blei vunnen av Marius ”Strike” Bjugan og Vincent ”Poiree” Coupat. Resten av kvelden blei brukt til store latterutbrudd over manglende finsk o-teknikk.

Søndagens tøffe 1-mannsstafett gav ein god del spredning på resultatlista, og relativt høge kilometertider. Dagen blei avslutta med ei fin postplukk økt. Den siste samlingsdagen blei brukt til ei ordentlig grønn trening, før vi avslutta med litt jakt på på nedsnødde, våte dopapir.

Utrulig nok endte middagslaginga med treningskast 5 til alle fire laga, sjølv om desserten tok seg opp dag for dag. Tørkeskapa gjekk for fullt heile samlinga, og i dusjen blei det konkludert med at det var bra vi ikkje betalte for strømmen. Det var mange tunge bein da det var på tide å dra heim, men samlinga var eit stort steg på vegen mot EM-testløp, VM-testløp og ikkje minst VM neste år.

Link til o-biathlon http://idrett.speaker.no/Organisation.asp?WCI=wiKlubbKassaNews&WCU=944862&CatId=444006