Hvem tar seiren i Trimtex og Saucony cuppene?

Nå går det mot slutten av vinterens tøffe Høiås Cups.
Det er derfor tid for liten summering av vinnersjanserne i langløype!


Høiås Trimtex Nightcup
I Høiås Trimtex Nightcup gjennstår det no to løp. Eit løp på TIO-samling no til helga og finalen siste helga i mars, som teller uansett i samandraget. Det betyr at det er framleis 200 poeng å kjempe om og dermed seks løparar som framleis har vinnersjanser. Emil Wingstedt har ein ganske klar ledelse på 66 poeng før eit det kjem eit kobbel av løparar. Med seier i helga kan Emil i praksis neste avgjøre Nightcupen. Mellom nr. 2 og nr. 6 skiller det berre 42 poeng. Den som kanskje har det beste utgangspunktet saman med Emil, er Anders Nordberg. Dette til tross for at han tapte mange poeng på å ikkje finne stien på kurvekartet på det første løpet. Anders har til no berre 4 tellande løp og vil med seier til helga ta over ledelsen. Dei fire andre Olav Lundanes, Erik Axelsson, Øyvind Helgerud og Marius Bjugan, kan forbetre poengsummane sine betraktelig med gode løp i helga, men kan ikkje komme i lederposisjon før finalen. Det største spørsmålet er vel om Erik kjem seg ut av 60-poengsstimen. Med poengsummane 69-68-67-62-65 har han vore stabil, men det holder nok ikkje til samanlagtseier.  
 
Høiås Saucony Daycup
I Høiås Sausony Daycup gjennstår det berre eit løp. I og med at dette er finalen, så teller den uansett i samandraget, og den blir derfor veldig avgjørande. Etter at Morten Westergård i lang tid har leda cupen, oppnådde Olav Lundanes og Emil Wingstedt 3 tellande løp sist helg og tok over teten. Dei to ligger 60 poeng foran ei klynge på fire løparar som alle har teoretiske vinnarsjanser. Dei er Morten Westergård, Jon Pedersen, Marius Bjugan og Øyvind Helgerud. Sjølv om Olav har nokre poeng fleire enn Emil, er det sannsynlig vis den som er best av dei to i finalen som vinner Daycupen totalt. Dei fire andre er i teorien for langt bak, men alt kan skje. I og med at lengde, startform og vinnertid for finalen ikkje er offentliggjort er det vanskelig å seie noko eksakt om kor mykje Emil må vinne med for å ta samanlagtseieren.