Ny løpar - Presentasjon av Anja Hole

Anja Hole flytta til Halden fordi ho hadde høyrt so mykje bra om Halden SK. Les presentasjonen av Anja her.

Anja Hole 1024px

Alder: 19

Kor kjem du frå og når kom du til Halden SK?

Eg kjem i frå Førde, og kom til Halden SK i starten av september 2023.

Kvifor valgte du Halden?

Klubben hadde så mykje å tilby. Eg hadde fått høyre om gode kart, og mange felles treningar. I tillegg var det ein del ifrå Halden SK som tok kontakt med meg på diverse konkurransar før eg hadde bestemt meg om å flytte hit. Det var da positivt for valet mitt om kor eg skulle ende opp.

Kva gjer du når du ikkje spring orientering?

No for tida held eg på å teikne nokre skulegårdsskart. Hovudsakleg skal eg ta ein eksamen i haust og jobbe etter det. Med andre ord tar eg eit friår.

Kva er den beste prestasjonen i orienteringskarriera di?

1. plass på JK 2023 mellomdistanse.

Kva ambisjonar har du for 2024-sesongen?

Sidan eg flytta til Halden for å bli betre i orientering, så håper eg å sjå forbetring på både det tekniske og fysiske i 2024.

Kva er favoritterrenget ditt?

Har ikkje eit spesifikt favoritterreng som eg har vert på enda, men eg liker godt fjellterreng, granskogar med mose bunn og løpbare myrer.

Sprint eller skog? Skog.
Nylon eller tights? Tights.
Tiomila eller Jukola? Aldri deltatt på nokon av delane.
Natt eller dag? Vanskeleg å velje. Trenar oftast på dagen, men eg må nesten seie natt!

Har du ein fun fact du ønskjer å dele?

Sjølv om eg er frå Vestlandet, med mykje fjell, så er eg ikkje så glad i oppoverbakka.

Vi ønskjer Anja velkommen til Halden SK!