Halden Rats kom til overnattinga i Sunila spredd utover heile torsdagen. Nokre frå NORT og andre frå Norge, sjølv om enkelt hadde større problemer enn andre: http://my.opera.com/supereriksen/blog/2011/06/20/glade-gutter-og-vinnerlodd. Ved første augekast var vi litt skeptiske til overnattingsstaden, men innandørs viste det seg å vere ganske bra, sjølv om det i dei verst regnskurane begynte å dryppe frå taket.
Tida fram til starten på laurdagskvelden var som vanlig innholdsrik. Overnatting hadde jo internett, så da var dei fleste sysselsatt. På fredagen rakk vi også få trent Model Event og ein fin diskusjon om konstruksjonen på brua på arenaen. Ingeniørar, ein snekker og mange synsere hadde ulike meiningar om konstruksjonen. Men etter å ha sett klippinga av parkeringsareala, så følte vi oss trygg på at Jukola holdt den normale kvaliteten. Vi rakk også ein del diskusjonar om kart og terreng, sjølv om Mats ikkje hugsa så mykje frå -92 Jukola.
Laurdagen blei også innholdsrik, med ein felles løpetur der som vanlig halvparten ikkje har forstått at laga er tatt ut. Det er ikkje noko poeng å prøve å overbevise om at ein er i form på ein 30 minutters tur. Seinare tok ein del ein tur på arenaen, medan andre satt trygt og godt å kritiserte dameorientering foran TV-skjermen. Vel uvitende om dei utfordringane som skulle komme gjennom natta.
Første laget som hadde henta inn både rutinerte og urutinerte familie fedre, vist at familieklubben Halden fortsatt kan kunsten med å vinne og tok med seg oksen heim til Halden! Søren nådde opp til kartet ved start og derifrå og inn hadde han full kontroll. ”Mr. Swenor Lightning” himself gjorde jobben på 2.etappe og sendte Erik smygende ut rett i hælane på teten. Når vi så bokstavlig talt satt inn lagets tyngste menn derifrå og inn var det vel aldri tvil om kor seieren skulle ende.
Andre laget var også veldig bra med i starten og viste bra stafettløping heile vegen til mål. Spesielt i starten gjekk det på skinner, og Tore og Petter gjennomførte også ei typisk ”halvparten så gammal veksling” . Ein 28.plass var absolutt godkjent og dei satte pent på pass eit gult og blått Oslo-lag.
Støtteapparatet gjorde som vanlig ein glimrande jobb og supportarane hold ut heile natta. Vi ser fram i mot å springe med startnummer 1 i Valio-Jukola neste år!
Siste nytt
Mest sett